Miljø og kollektivtrafikk

La humlene susa!

La humlene susa!

Friskt innspill om humler og de 213.000 tonn mat nordmenn kaster årlig.

"Eg likar ikkje humler, bier eller veps. Eigentleg. Som liten vart eg stukken under nasa av ei humle, og eg kjenner framleis kor vondt det var når eg hugsar på det. Vepsestikk kunne dessutan vera fårlege, lærte eg i barndommen. Viss ein vart stukken av veps, var det om å gjera å trykkja ein sukkerbit med eddik på over stikket - det skulle hjelpa.

Humlene er livsnødvendige for oss – men fleire humleartar står i fåre for å verta utrydda i Noreg. Heile vår eksistens er avhengig av at humler og bier gjer jobben med pollinering av plantar og tre. Det intensive landbruket brukar plantevernmiddel. Det er ikkje berre Roundup som er skurken, det er også alle syskenborna til Roundupen, dei som vart introduserte som erstatning for gifta. Ei gammaldags blomstereng er humla sin beste ven. Tenk det! Og altså løvetann og anna blømande ugras i plenen i einkvar byhage og på frodige grøne by-tak – det kan visst faktisk hjelpa for humla!

Når klimandringane fører til endringar i vekstsesongane, møter ikkje lenger insekt og planter kvarandre på same gunstige tidspunkt. Då vil det gå skit med pollineringa, både under fruktbløminga i Hardanger og mange andre stader. Og korleis skal det gå med fruktnæringa i Hardanger og alle andre stader om humla vert borte?" skriver Oddny Miljeteig blant annet.

Les hele nedenfor, under "les mer."

 

La humlene susa!

Av Oddny Miljeteig, nestleiar i SV

Eg likar ikkje humler, bier eller veps. Eigentleg. Som liten vart eg stukken under nasa av ei humle, og eg kjenner framleis kor vondt det var når eg hugsar på det. Vepsestikk kunne dessutan vera fårlege, lærte eg i barndommen. Viss ein vart stukken av veps, var det om å gjera å trykkja ein sukkerbit med eddik på over stikket - det skulle hjelpa.

Her ein kveld var eg ute i den vesle byhagen og gjorde aldeles nødvendig luke- og plantearbeid. Varmen var ikkje all verda, ikkje då heller, men det var varmt nok til at den største humla eg har sett, kom flygande forbi med kurs for ein kjekk hageblom. Og då kjende eg for fyrste gong at eg vart kjempeglad då eg såg humla! Ho likte seg nok godt i hagen vår, stor-humla. Her var nøgda av skinande løvetann, ikkje minst, men jammen likte ho tulipanane også, og den lilla vesle rhododendronen – pluss den raude. Engkarsen hugsar eg ikkje heilt om ho brydde seg med – eg tenkjer at engkarsen hadde lagt seg ende ned om stor-humla hadde sett seg i toppen på blomen!

Humlene er livsnødvendige for oss – men fleire humleartar står i fåre for å verta utrydda i Noreg. Heile vår eksistens er avhengig av at humler og bier gjer jobben med pollinering av plantar og tre. Det intensive landbruket brukar plantevernmiddel. Det er ikkje berre Roundup som er skurken, det er også alle syskenborna til Roundupen, dei som vart introduserte som erstatning for gifta. Ei gammaldags blomstereng er humla sin beste ven. Tenk det! Og altså løvetann og anna blømande ugras i plenen i einkvar byhage og på frodige grøne by-tak – det kan visst faktisk hjelpa for humla!

Når klimandringane fører til endringar i vekstsesongane, møter ikkje lenger insekt og planter kvarandre på same gunstige tidspunkt. Då vil det gå skit med pollineringa, både under fruktbløminga i Hardanger og mange andre stader. Og korleis skal det gå med fruktnæringa i Hardanger og alle andre stader om humla vert borte?

Eg er oppvaksen med det gammaldagse landbruket, med naturenger og tilpasning til naturen. Nei – eg er ikkje romantisk eller nostalgisk når eg tenkjer attende på barndommens landbruk, for jammen hadde det sitt slit og sin pris. Men plussida var ikkje minst at barndomslanbruket framleis underordna seg naturen. Det var før dei store traktorane kom og før kraftforet var anna enn «dessert» for dyra. I industrilandet vert artsmangfaldet og den naturlege naturen sedde som hinder for utvikling snarare enn noko ein må og skal spela på lag med. Internasjonalt står kommersielle krefter fram med forteneste og profitt som fremste drivkrefter – og slett ikkje på lag med naturen. Når langt færre dyrkar (sin eigen) mat, vert vi framandgjorde overfor den naturen som før oss. I den rike delen av verda, og ikkje minst her oppe på vårt oljeberg, har vi attpåtil kunna trøysta oss med at vi produserer høvesvis rein mat mest det same kven vi samanliknar oss med.

Men så er det humlene, då, som kjem og tek oss og minner oss så tydeleg på at vi ikkje berre kan herja medvitslaust på som om ingen skulle koma etter oss!

No trur ikkje eg at vi bergar naturen om vi berre let det veksa løvetann i hagen. Eller lagar «insekthus» som vel er det siste nye i den sjangeren. Men det er eit pluss heller å gjera enn å ikkje gjera. Det minner oss ikkje minst om kor sårbare naturen og vi sjølve er, avdi vi ikkje kan skilja oss frå naturen.

Det er litt i same gata som at vi i dei rike landa heilt hemningslaust kastar mat. Fordi vi har gløymt korleis det er å ha knapt med mat, fordi vi har pengar til å kjøpa (for) mykje mat – og fordi vi, dei aller fleste av oss, ikkje produserer maten sjølve. No har den franske nasjonalforsamlinga forbode franske matvarekjeder å destruera mat og pålegg dei å donera useld, etande mat til veldedige føremål – eller sørgja for at kassert mat går til dyrefor. Eigentleg er vel all maten den rike delen av verda kastar nok til at alle i verda kunne ha ete seg mette….

I Frankrike kastar dei mat for nærare 170 milliardar kroner i året. Det er mykje pengar, sjølv for oljelandet Noreg. Det er til dømes ti gonger Bergens årlege kommunebudsjett! Kvar franskmann kastar mellom 20 og 30 kilo mat i året, og regjeringa har sett seg som mål at Frankrike skal halvera mengda kasta mat innan ti år. I Noreg kasta vi i fjor i gjennomsnitt 46,3 kilo matvarer kvar, til saman 231.000 tonn mat til ein verdi av 12 milliardar kroner. Vi kastar 190.000 brød kvar dag. For å seia det slik: Lova om tilbod og etterspurnad verkar ikkje! Dvs. faktoren om respekt for at mat er ein knapp ressurs, den er ikkje med i lova om tilbod og etterspurnad. Så vi kastar 190.000 brød kvar dag. Ja, og forresten et vi potetgull for to milliardar og sjokolade for fem milliardar i året, kvar av oss, visst.

Rett etter at Frankrike hadde innført sitt matkastings-forbod overfor matvarekjedene, fekk småbrukar Astrid Tove Olsen i Kjerringøy ved Bodø laga til fjesboksida «Nei til kasting av mat!» På under to døger hadde 6.000 personar slutta seg til, og etter halvanna veke har sida no 12.000 fylgjarar. Det er eit uttrykk for noko mange av oss kjenner på. For dette er ei side som ikkje er marknadsført eller sponsa eller noko. Ikkje eingong med kjendisar. Kva sida kan bli til, det bestemmer dei som er med, seier Astrid Tove Olsen, småbrukaren med respekt for både natur, dyr og mat. Eg skal i alle fall fylgja med på den sida. Kanskje du også? Og så ser eg etter humler på ein heilt annan måte enn før, kjenner eg. Ja, la humlene susa!


Legg til kommentar