Offentlig styring

Regionalt demokratisk underskot

Regionalt demokratisk underskotRegionreformen er skrinlagt fordi arrangerte fornuftsekteskap blei oppfatta som tvang, sjøl om det var lova betydelig medgift. Men statens lokale agentar vann også sitt eige maktspel, skriv Andreas Hompland.

Kart-teikarane har lagt vekk fargeblyantane. Forskarar og utredarar, byråkratar og politikarar har i fleire år vore sysselsette med å laga nye regionkart og prøveflytta rundt på oppgaver mellom stat, fylke, kommunar og nye regionar. Målet blei stadfesta i Soria Moria. Regjeringa var til og med inne på tanken om å avlysa det siste fylkestingsvalet ettersom fylka snart skulle avskaffast og gå opp i 5-7-9-11 større regionar. 

Nå er alt dette skrinlagt. Regjeringa hadde eit mål, men ikkje eit brukbart vegkart for å koma dit. Dei klarte verken å bli samde med seg sjøl eller skjera gjennom. Arrangerte fornuftsekteskap blei oppfatta som tvang, sjøl om det var lova betydelig medgift. Regionrefiormen ville ha gitt regionane meir makt og ansvar enn fylka har i dag. Den makta måtte ha blitt overført frå Staten og statens forlenga armar. Regionane ville også ha kunna satsa ulikt og utvikla seg forskjellig - utan detaljkontroll og overstyring frå regjeringskontor og Stortingets korridorar.

Fylkespolitikarane var ikkje bare begeistra for at fylka deira skulle gå opp i større einingar - frivillig. Meir innflytelse på dei store linjene i samfunnsutviklinga gjennom større regionar, blei voge opp mot muligheten til å påverka dei små linjene i mindre einingar. Færre verv ville det også ha blitt.

Men det var ikkje uvillige fylkespolitikarar og fylkeskjære innbyggarar som felte regionreformen; det var det departement, direktorat og statlige etatar som gjorde. Dei var effektive premissgivarar og forkledde lobbyistar for si eiga makt, som dei nødig ville gje frå seg. For når det var lagt til rette for at større regionar skulle få meir å stella med enn det fylka har i dag, ville det ha gitt mindre armslag for den sentrale forvaltninga og dei regionaliserte stalige etatane.

Nå blir situasjonen at dei mektige statsetatane er regionaliserte, men ikkje politikken. Sjøl om fylka får noen små kjøttbein i tillegg, blir stadig meir reell makt flytta til det statlige og fristilte region-nivået. Og Statens vegvesen og sjukehusforetaka har ingen problem med å setta fylka opp mot kvarandre og manipulera dei - eller samla dei som heiagjeng, når dei har bruk for det.

Fylkeskommunen er erklært død mange gonger, men den må åpenbart ha ni liv. Fylkesgrensene har stort sett lege fast sidan eineveldet blei innført i 1660, så det må vera noe med dei. Og når det er slik, burde fylkeskommunen i det minste få større oppgaver å driva på med, slik at den ikkje lever vidare som skinndaud. It's dead, but it won't lie down.

Men på litt lengre sikt blir resultatet høgst sannsynlig at det distriktsuvennlige mindretalet i Distriktskommisjonen får det som dei ville med bare to forvaltningsnivå: Mens fylkeskommunen visnar og bleiknar bort i midten, får vi færre og større kommunar der nede, og staten med sterkare og meir regionaliserte etatar der oppe. Om det kan ein meina mye i effektivitetens og likebehandlingas namn, men det er i alle fall eit faktum at eit folkevalgt nivå då blir borte. Fleire og viktigare forvaltningsoppgaver hamnar på region-nivå, men utan at det er noe folkevalt organ på det same nivået. Dermed får vi eit større demokratisk uderskot her i landet - om det skulle vera viktig. 

Det er ikkje umulig at dei som jobbar i kommunar og fylkeskommunar vil finna det vanskeligare å snakka med den statlige region-etaten enn med fylket.
Det er lenger til regiondirektøren enn til fylkesordføraren.

(bladet Kommunike nr. 3/08)

You have no rights to post comments