Offentlig styring

Det er vi som eig offentleg sektor

Det er vi som eig offentleg sektorKven skal eige velferdsstaten? Er det framleis folket sin eigedom? Kvifor er det då fleire og fleire unge som ikkje opplever det slik? spør Johan Brox.

Det er vi som eig offentleg sektor

Av Johan Brox

Våren 2001 fekk vi ein brosjyre frå Olje- og energidepartementet i postkassa. I brosjyren stod det at statens oljeselskap Statoil skulle noterast på Oslo Børs, slik at vanlege folk, til dømes far min, for fyrste gong kunne eige ein del av oljeeventyret. ”Kjøp aksjar i Statoil og vert medeigar i Noregs største selskap” var bodskapen.

Far min såg lenge på brosjyren, før han heiv han i bøtta for opptenningsved. ”Kva er dette for tøys”, sa han, ”eg trudde eg som norsk samfunnsmedlem eigde 100 prosent av Statoil allereie. Og når staten sel ut ein tredjedel til bankar og oljesjeikar, presenterer dei det som min gylne sjanse?”

Denne episoden seier noko viktig om omgrepet eigarskap. Medan regjeringa Stoltenberg I meinte at staten ikkje representerte vanlege folk og at eit heilstatleg Statoil difor ikkje var folket sin eigedom, meinte far min at det staten eig, det eig folket.

På det realpolitiske plan tok far min feil. Dei siste åra Statoil var heilstatleg var det ikkje slik at kontora deira i Stavanger vart nedrende av styringsvillige folkevalte med klare ordre frå veljarane. Statoil-styret var då som no ein stat i staten og sytte for at direktiva heller gjekk frå Stavanger til Oslo enn omvendt. Ymta politikarane frampå om å verne områder i Barentshavet av omsyn til miljøet og fiskerinæringa, troppa Statoils lobbyistar opp på Stortinget for å sikre at dette ikkje vil gå ut over forventa profitt.

Vi nordmenn kan ikkje slå oss på brystet og seie at vi lev i eit demokrati så lenge eigenrådige, byråkratiske apparat forvaltar eigedomen vår. På fleire frontar synest det som om dei øydsler han vekk: Omsettelege fiskekvotar tek frå oss fisken. ESA-dommen mot heimfallsretten tek frå oss vassdraga. Privatiseringa og fusjoneringa av StatoilHydro tek frå oss olja.

Skal fagrørsla styrke velferdsstaten, er det denne typen praksis vi må til livs. Når venstre- og høgresida pratar om ”den nordiske modellen”, pratar dei som regel om dei materielle tenestene. Einingsskolen, helsevesenet, storleiken på trygdene og så bortetter. Interessante sakar, men dette er ikkje velferdsstaten. Dette er skalet til velferdsstaten. Kjernen er at kvar og ein av oss kjenner at vi eig offentleg sektor. At det er vi som bestemmer. At uterommet i byen finst for at eg skal treffe venene mine i staden for at reklameselskapet JCDecaux skal treffe meg. Då treng vi andre bystyre enn det vi har i dag. I Oslo, Bergen og Stavanger må Arbeidarpartiet og SV sjå kva lokallaga deira får til i Trondheim, ta tak i kragen til borgarlege parti og internasjonale reklameselskap og kaste dei på døyr.

Politikarar handlar innafor det dei sjølv har lært og det ekspertane lærar dei. Ein samfunnsøkonomisk tommelfingerregel har vore at uavhengige aktørar alltid utfører samfunnsoppgåvene meir effektivt enn demokratiske organ. Bussane i Stavanger må til dømes bli drivne av eit fransk selskap, fordi dei dag og natt freistar å kutte kostnadane for å vinne neste anbodsrunde.

Nyare forsking er i ferd med å velte denne måten å tenke på. I Danmark har fleire forskarar gått saman om SoCap-prosjektet, som kartla samsvaret mellom ”sosial kapital” og økonomisk vekst i 21 land. Sosial kapital er summen av den daglige kontakten mellom samfunnsborgarane og tillita dei har til kvarandre og til samfunnet generelt. Funna var eintydige: Jo meir einskildmenneska identifiserar seg med institusjonane, jo større er økonomisk vekst. Danmark kan såleis ha skattar og lønnsnivå i verdsklasse, og jamvel vere ein av verdas mest konkurransedyktige økonomiar (World Economic Forum).
I Noreg har økonomen Kalle Moene starta prosjektet Equality, Social Organization and Performance (ESOP) som òg vil undersøke desse sidene av den nordiske modellen.

Ein nærliggande konklusjon er at outsourcing og konkurranseutsetting smuldrar opp offentleg sektor og svekker tillita til han. Då eg starta økonomistudiet leste eg ei undersøking som synte at om burettslag innførte bøter på dugnadskulk, ville folk heller betale bota og med det kjøpe seg fri frå å delta på dugnaden. Min fyrste tanke var: Det er dette som skjer med heile det norske samfunnet. Samfunnsmedlemma vert redusert til ”brukarar” – dei betaler ein slant til stat og kommune og får ein tilmålt mengde tenester igjen. Dei deltek ikkje på dugnad. Dei treff ikkje naboane sine. Og ein velferdsstat utan fungerande nabolag er som eit tre uthola av sopp: Kvifor skal eg betale skatt for å halde liv i gratispassasjerar og farlege narkomane?
Eg er samd i høgresida i at folk treng insentiv for å jobbe, og at det beste insentivet er ei kjensle av eigarskap, av eigeninteresse. Men der høgresida berre forstår privateigde aksjar som motiverande eigedom, meiner eg at det fins eit vell av kollektive eigarskapsformer som fagrørsla må byggje vidare på.
 
Vi må jobbe for å styrke gjennomsiktig, demokratisk offentleg eigarskap, slik at eg som ung mann ikkje treng kjøpe ein sprayboks og tægge ned rådhuset for å kjenne at eg har satt merke på byen min. Fagrørsla må òg syte for at folk ikkje berre har lønningar å leve for, men òg at dei trefst og lærar å stole på kvarandre. Kvifor kan ikkje dei lokale klubbane sette opp ungdomsklubber, idrettshaller eller amatørteater? Det er først då vi byrjar eige velferdsstaten.

(Fagbladet september 2008)

You have no rights to post comments