Offentlig styring

Kommune i butikk

Kommune i butikk

"Norske kommunar skal byggast om. Dei skal bli færre og større, meir kompetente og effektive. Kommunane skal tenka som profesjonelle tenesteleverandørar og innbyggarane oppføra seg som kundar.

Noen kommunar har prøvd seg med å flytta informasjon og servicetorg til kjøpesenter der folk likevel har ærend og ferdast, men det er meir å henta. Kommunane kan følgja i spora til bankane: La innbyggarane gjera jobben sjøl over nett og kreva gebyr for saker som må berørast av kommunalt tilsette hender. Då vil kommunale kontor bli like avleggse som postkontor, og post-i-butikk med lang åpningstid har unektelig sine fordelar. Og så kan dei få som stadig måtte trengast i kommunal administrasjon, sitta heime og jobba over nettet.

Når ingen har ærend på Rådhuset lenger, kan AS Kommunen slå seg på den store vekstbransjen som er eigedomsutvikling. Rådhuset kan leasast ut til kjøresenter og dei øvste etasjane byggast om til seniorbustader, som jo er den store fornyaren av norske kommunesenter. Det er å slå to fluger i ein smekk: Kommunen som butikk og kommune i butikk," skriver Andreas Hompland blant annet.

 

Kommune i butikk

Av Andreas Hompland

Norske kommunar skal byggast om. Dei skal bli færre og større, meir kompetente og effektive. Kommunane skal tenka som profesjonelle tenesteleverandørar og innbyggarane oppføra seg som kundar.

Kommunestruktur var elefanten i rommet under valkampen. Senterpartiet prøvde å mana fram debatten, mens andre parti gjorde sitt beste for ikkje å sleppa den laus. Dei snakka litt om alt det gode ei kommunesanering vil føra med seg for land og folk: At det er milliardar å spara og at det blir lettare å rekruttera kompetente folk når fagmiljøa blir breiare - til fordel for både fagfolk, pasientar, klientar og kommunale kundar. Mens dei mumla om baksidene av prosessen undervegs og dei problema den vil dra med seg inn i framtida.

Etter valet kjem elefanten til å bli synlig i forhandlingar og konstellasjonar. Utan ei regjering med sjølmordsparagraf om ufrivillige kommunesamanslåingar, vil den store politiske semja om endring koma til sin rett. Fleirtalspartia har meir eller mindre klare programvedtak på at det skal bli færre og større kommunar. Dei tenker på ulike tal og har forskjellige modellar for det endelige målet, for kordan det skal skje, og for kor hard nasjonal styring det skal vera. Tida er uansett inne for meir pisk og mindre gulrot. Vil ikkje kommunane slå seg saman, så skal dei. Særlig dei som er så små at dei ikkje kan vera aleine ute om natta.

Det er ingen dristig spådom at landet om noen år kjem til å ha langt færre kommunar, kanskje ein firedel av dagens 428. Mange kommunar lever alt i dag i ulike lause forbindelsar seg imellom, ikkje direkte forlova, men i vekslande og ikkje-forpliktande sambuarskap. Kjem utviklinga vidare til å skje av nødvendighet eller kjærlighet? Er det avgjerande skilnad mellom tvangsekteskap og arrangerte ekteskap? Eller er det sånn at når ein ikkje kan leva aleine og ikkje får den ein elskar, så må ein læra seg å elska den ein får? Eller i alle fall venna seg til å leva saman.

Uansett kor fort det kjem til å gå og mange kommunar det blir til slutt, og uansett om fylkeskommunen overlever eller ikkje, er det eit åpent spørsmålet kva slags kommuneinstitusjon vi får: Kva for oppgaver vil kommunane sitja att med, og kva vil dei få av nye? Kor frie, innbyggarstyrte eller statskontrollerte kjem kommunane til å bli? Vil dei likna mest på statlige ekspedisjonskontor eller private butikkar?

Kommunal rapport hadde for ei tid sidan ein annonse frå eit firma som kallar seg ProCon. Med slagorda "Selvbetjent kommune" og "Gi rådhuset til folket" tilbyr dei ei komplett og total, universelt utforma, effektiv, sjølbetent og interaktiv løysing som vil gje tilfredse innbyggarar og ha stor kost/nytte-effekt for kommunen: "Procon ISK TM plasseres der folk ferdes, f. eks. på servicetorget, biblioteket, kjøpesenteret, jernbanestasjonen eller ute på torget".

Dette er eit opplegg det swingar av. Noen kommunar har prøvd seg med å flytta informasjon og servicetorg til kjøpesenter der folk likevel har ærend og ferdast, men det er meir å henta. Kommunane kan følgja i spora til bankane: La innbyggarane gjera jobben sjøl over nett og kreva gebyr for saker som må berørast av kommunalt tilsette hender. Då vil kommunale kontor bli like avleggse som postkontor, og post-i-butikk med lang åpningstid har unektelig sine fordelar. Og så kan dei få som stadig måtte trengast i kommunal administrasjon, sitta heime og jobba over nettet.

Når ingen har ærend på Rådhuset lenger, kan AS Kommunen slå seg på den store vekstbransjen som er eigedomsutvikling. Rådhuset kan leasast ut til kjøresenter og dei øvste etasjane byggast om til seniorbustader, som jo er den store fornyaren av norske kommunesenter. Det er å slå to fluger i ein smekk: Kommunen som butikk og kommune i butikk.

(også publisert i tidsskriftet Ta del, utgitt av Delta)


Kommentarer   

0 #1 Haakon 23-09-2013 10:56
Andreas Hopland.
Håper det kan komme et innlegg her om 4 år av Ivar så vi kan diskutere hvor mange rådhus som har blitt kjøpesentre.

Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode