Privatisering, marked og konkurranse

Monopolist på Oslo Børs

Offentlige monopol er ofte stivbeinte, men private monopol er ei verre svøpe for kundar og styresmakter, skriver Andreas Hompland om planene om delprivatisering av Statoil.

Offentlige monopol er ofte stivbeinte, men private monopol er ei verre svøpe for kundar og styresmakter.

Monopolist på børs


Av Andreas Hompland
 

KRAFTKARANE som har gått ut mot (del)privatisering av Statkraft er ikkje kven som helst i norsk energiverden. Finn Lied har vore industriminister og styreformann i Statoil mmm; Erling Diesen er tidligare direktør i Norges Vassdrags- og energiverk, Gunnar Vatten er tidligare direktør i Statkraft. Dei høyrer politisk heime rundt Arbeiderpartiet, men dei har også kraftpolitikarar med basis i Kristelig Folkeparti med på laget. Før sambuarskapet med Høgre sto KrF og Venstre på det same grunnlaget.


 Kraftkarane vil sikkert bli forsøkt avvist som mimrande levningar frå eit gamalt regime, som utdøyande dinosaurar som ikkje har skjønt den nye tid. Men dei er vel verd å høyra på, for dei talar med tyngde i ein historisk tradisjon som har skapt det moderne Norge gjennom dei rammene som er lagt for eigarskap, bruk og kontroll av norsk vannkraft som ein nasjonal energiressurss, som sjølve arvesølvet.


BLANDINGA av eigarskap og kontroll, produksjon og transport i kraftbransjen var lenge eit villnis under formell, men tilfeldig politisk kontroll. Mye gjekk på sjølstyr. Målet var forsyning.


 Det siste tiåret er det rydda kraftig opp på statlig side: Statkraft produserer, Statnett fraktar den høgspente krafta, NVE regulerer, Konkurransetilsynet kontrollerer. Kommunale, fylkeskommunale, offentlig regionale og private kraftselskap er delt opp på same måte. Det er konkurranse mellom kraftprodusentar og distributørar, mens netteigarane har monopol i kvart sitt distrikt. Om vi studerer prisane og bytter straumleverandør, kjem straumen gjennom dei same trådane.


STATKRAFT kontrollerer halvparten av kraftproduksjonen. Dei siste åra har Stortinget gitt Statkraft 20 milliardar til å kjøpa opp kraftverk. Med dei oppkjøpa Statkraft nå prøver seg på, men som Konkurransetilsynet kan setta ned foten for, vil selskapet koma opp to tredelar av all kraftproduksjon i landet. Det er for praktiske formål å ha markedsmakt til å diktera prisar og leveringsvilkår til industri og privat forbruk.


 Slik ville det ikkje ha vore dersom det var totalt fri flyt av kraft frå landsdel til landsdel, og mellom Norge og andre land. Men slik er det ikkje. Nettkapasiteten er ikkje stor nok mellom nord og sør. Det har vore planlagt fleire kablar til Tyskland, Nederland og England, men dei er lagt på is. Det betyr at Statkraft dominerer eit kraftsystem der det i tørrår er for lite kraft. Det er bare helgenar som ikkje utnyttar ein slik situasjon, eller strengt kontrollerte syndarar, men så vanntett er ikkje noe kontrollsystem.


GRUNNEN til at det har vore så lett for Statkraft å kjøpa seg opp, er at dei som offentlig eigd selskap står i ei særstilling. Det har med heimfallsretten å gjera - eit historisk klenodium som blei innført for å hindra utanlandsk kontroll med norsk vannkraft: Private eigarar av kraftverk må levera det gratis (tilbake) til Staten etter 60 år. Offentlige eigarar er fritatt for heimfall og kan derfor hausta forteneste frå nedbatelte anlegg til evig tid. Derfor har Statkraft kunna betala meir enn andre og kjøpa seg opp omtrent utan reell konkurranse.


 Denne heimfallsretten står nå for fall. Den overlever ikkje ein runde til i det nye Overhuset i norsk politikk - EUs forlenga arm ESA. Heimfallsretten må bort fordi den hindrar fri flyt av kapital, er konkurranseforvridande og diskriminerer utlendingar. Her er norske kommunar og regionale kraftselskap heilt på linje med ESA, dersom dei ikkje alt har selt arvesølvet sitt til Statkraft. Når heimfallsretten fell, vil prisane stiga kraftig. Statkraft har kjøpt til rett tid.


STATKRAFTS ARGUMENT for å bli dominerande i Norge er at dei må vera store heime for å kunna eta kirsebær med dei store ute, og ikkje bli slukt av dei. Statkrafts strategi er å dominera heime for å kunna satsa på å kjøpa og selja i Nord-Europa og bygga ut og eiga vannkraft andre stader i verda: Nepal, Vietnam, Chile og India. Då treng dei pengar, mye pengar, antakelig fleire milliardar enn Staten vil tilføra. Derfor vil dei på børs.


 I nærområdet har Statkraft for eksempel å gjera med tyske E.ON Energie, det tidligare Preussen Elektra. Der sit forresten Lars Uno Thulin som spesialrådgjevar, nylig avgått Statkraft-sjef og politisk handverksmeister. Han har spela med store pengar før. Eit privatisert Statkraft som er frigjort frå heimfallsbindingane, er ikkje noe dårlig kort å satsa på.


DELPRIVATISERING er ein illusjon, på linje med å vera delvis jomfru. Den delprivatiserte må oppføra seg som privat til kvardags og reservera den samfunnsmessige retorikken til offentlige høgtidsdagar.


 Offentlige monopol kan vera ei mare av stivbeinthet, men private monopol er verre. Privat eige utan konkurranse er ei svøpe for myndigheter og kundar. Statkraft er for stor og dominerande til å bli privatisert.


(Dagbladet 10. februar 2002)