Privatisering, marked og konkurranse

Det danske fyrtårnet har slokna

"Kommunale delegasjoner  i hopetal har reist til Farum i Danmark for å la seg inspirera til å tenka fritt og utradisjonelt og organisera kommunal virksomhet på nye måtar. Det har vore  ein slags kommunal masseturisme til det kommunale Mekka. Farum var oppe i tusen lærevillige gjester i månaden - frå heile verda, men ikkje minst frå Norge. Det har gått i Farum. Skuldingar om svindel og juks og personlig berikelse haglar over ordførar Peter  Brixtofte. Han har måtta gå av i skam og blir granska av Økokrim. Kommunen manglar ein milliard kommunekassa - to års normal skatteinngang. Det er bra å la seg inspirera og bli begeistra, men det er heller ikkje dumt å tenka seg om ein gong til og gjera det på nordmanns vis, og det er neppe alltid Normans vis, skriver Andreas Hompland. 


Det danske fyrtårnet har slokna


Av Andreas Hompland
 

Når begeistringa er stor, er det vanskelig, men viktig, å halda hodet kaldt. Omorganisering på norsk er ikkje alltid på dansk vis, og heller ikkje på Normans vis.


KOMMUNALE DELAGASJONAR i hopetal har reist til Farum i Danmark for å la seg inspirera til å tenka fritt og utradisjonelt og organisera kommunal virksomhet på nye måtar. Det har vore  ein slags kommunal masseturisme til det kommunale Mekka. Farum var oppe i tusen lærevillige gjester i månaden - frå heile verda, men ikkje minst frå Norge.


Mange kom begeistra tilbake frå den omstillingsvillige mønsterkommunen og sette i gang heftig omorganisering. Det var mye å henta for mange, men dei øverste kommunetoppane har vore særlig oppglødde, for i Farum var det korte kommandolinjer, raske vendingar og aktiv deltaking på tvers av etatar og profesjonar og sektorgrenser. Ordførar og rådmann kunne opptre som handlekraftige konsernsjefar. Kommunale eigedommar blei selde og leasa i eit ugjennomtrengelig system. Dei utnytta speleromet i grenselandet av det sentrale styresmakter ville godkjenna.


DET HAR GÅTT GALT i Farum. Skuldingar om svindel og juks og personlig berikelse haglar over orførar Peter Brixtofte. Han har måtta gå av i skam og blir granska av Økokrim. Kommunen manglar ein milliard kommunekassa - to års normal skatteinngang.


Fadesen i Fadum kan sjølsagt forklarast med ein vellykka og populær ordførar som blei offer for sin eigen suksess og tok heilt av. Han trudde han kunne gå på vatnet. Han solte seg i rosen og blei Solkongen av Farum. Men som vi veit hadde den franske solkongen som motto: Etter oss kjem Syndfloda.

I mange av livets tilskikkelsar er det fortenestefullt å ta seg godt av sine venner. Det gjeld ofte i politikken også. Politisk truskap og personlig kjennskap og tillit er ikkje noe uvanlig grunnlag for rekruttering til verv. Å hjelpa venner til lukrative kontrakter med kommunen, stiller i ein annan klasse.


Det er ein god og puritansk regel frå den gamle ordførarskulen at ein skal ha to frimerkekassar og bruka eitt blekkhus til kommunal korrespondanse og eitt til den private. Brixtofte klarte ikkje å skilja mellom seg sjøl og sin representasjon, og ettersom han har sans for rådyre vinar, kunne restaurantrekningane lett koma opp i 50-60.000 kroner - med falske fakturaer og mangedobbelt bokholderi.


EIN MORAL i denne soga om Peter Brixtoftes vekst og fall, er sjølsagt at menneskelig dårskap og griskhet er rimelig jamt fordelt i alle land og alle parti og alle sektorar i samfunnet, og at heller ikkje ordførarar er immune mot stormannsgalskap og tendensar til solkongeri. Men det visste vi jo frå før.

Ein annan moral i soga om Farum som kommunalt fyrtån i Norden, er at det gjeld å vera like skeptisk til kommunale vekkelsar som til åndelige og religiøse vekkelsar. Når omvendelsen er total, er ettertanken liten. Dei vakte er gjerne frivillig einøygde, og då er det stort rom for å oversjå mange krokvegar og mye humbug.


NÅR BEIGEISTRINGA ER STOR, er det tungt å vera kritisk. Den som legg ein dempar på feststemninga, blir aldri populær. Men det er i slike situasjonar det er ekstra viktig at noen tar på seg å halda hodet kaldt. Dersom den politiske opposisjonen melder pass i frykt for å tapa veljarar, kan den tunge jobben falla på dei kommunalt organiserte og deira tillitsvalde. Dei må ha ryggrad til å bli upopulære og skulda for å vera treige formalistar.


Sjølsagt kan det enda i bakstreveri, men dei kan også få si lønn etter festen. For etter begeistringsrusen kan tømmermennene bli tunge - enten det er i Farum, hos trollmannen i Os eller andre reisemål for inspirasjon i kommunal omstilling og fornyelse. Noen skal kjøra heim etter festen og rydda opp dagen etterpå.


Det er bra å la seg inspirera og bli begeistra, men det er heller ikkje dumt å tenka seg om ein gong til og gjera det på nordmanns vis, og det er neppe alltid Normans vis.

(en artikkel fra bladet Kommunike mars 2002)

You have no rights to post comments