Rus

Det kriminalitetsforebyggende råd: Advarer mot Oslos skjenkepolitikk

Det kriminalførebyggande råd (KRÅD), regjeringens spesialorgan for forebygging av kriminalitet, krever innstramming i alkohol- og skjenkepolitikken. I et brev til kommunalpolitikerne skriver de bl.a.:

"I samband med valkampen gjekk politimeistrane i dei største byane ut og oppmoda lokale politikarar om å føre ein meir restriktiv alkohol- og skjenkepolitikk. Etter fleire år med lausslept bevillingspolitikk, utviding av skjenketida og konsentrasjon av serveringsstader i visse sentrumstrøk, har politiet ropa eit kraftig varsko.

I den store utelivsmånaden, desember, kom ei meiningsmåling som viser at nesten halvparten av Oslo sine innbyggjarar vegrar seg for å gå i sentrum av byen i helgane, ved kvelds- og nattetid.

Slik kan vi ikkje ha det. KRÅD har lenge åtvara mot store negative fylgjer av den liberale alkohol- og skjenkepolitikken dei fleste kommunane har ført dei siste åra. Skadeverknadene både på folkehelsa og bymiljøet er udiskutabel. KRÅD som arbeider spesielt med forebygging overfor barn og unge, blant anna gjennom SLT (Samordning av lokale kriminalitetsforebyggande tiltak) krev at lokale politikarar no syter for at spesielt dei yngste kan bli mindre utsette for skadeverknadene av ein uforsvarleg politikk."
Les mer om Det kriminalitetsforebyggende råd

Les deres brev til justisministeren
Les deres brev til kommunalpolitikerne

You have no rights to post comments