Sosialpolitikk

Det trengs en analogisering av NAV

Det trengs en analogisering av NAV

Det trengs en analogisering av NAV, sier Alna SVs Sunniva Myrene Bratsberg.

"Som ung, frisk, privilegert og utdanna til eit yrke der ein skrik etter fleire arbeidstakarar har eg lenge ikkje hatt noko med det store NAV-maskineriet å gjere. Heldigvis har eg kanskje tenkt. Det har verka som eit stort og skummelt system. Men jammen godt vi har det. NAV har mange funksjonar, og det får vel til det meste på ein god måte, til trass for at eg gjennom politikken også har blitt merksam på utfordringar i systemet.

Mitt første møte som brukar av NAV sine tenester kom no i vår då eg skulle søke om foreldrepenger for fyrste gong. Heildigital søknadsprosess - så kjekt, tenkte eg. Med kalkulatorfunksjon der du kan setje opp ulike alternativ på førehand og prøve deg fram til den løysinga som passar din familie. Og så - eit lite avvik frå normalen. Eg har biinntekt frå politikken. Tok tidleg kontakt via NAV sin chattefunksjon og fikk avklart korleis vi skulle løyse dette. So far - so good. Søknaden blir sendt inn i god tid. I slutten av juni, nokre dagar før min fødselspermisjon startar får eg svar på søknaden. Innvilga - men eg legg merke til at dei har misforstått det med biinntekta mi, og eg har fått vedtatt utbetalt meir enn eg skal ha. Eg prøver å sende ei henvending til NAV, men det går ikkje an å svare på vedtaket eg har fått. Ei ny henvending sendast til ein ny saksbehandlar. Ei god veke før henvendinga blir behandla, før eg får eit misforstått svar tilbake. Sak avslutta.

For kvar melding eg prøver å forklare situasjonen til NAV misforstår dei situasjonen, les ikkje seg opp på historikken eller sender meg direkte motstridande svar om kva eg skal gjere. Og meldingsfeltet til NAV er sjølvsagt begrensa - så ein gong deler eg opp meldinga som då går til to forskjellige saksbehandlarar.

Tre veker etter første feil og seks saksbehandlarar som har vore innom saka og ikkje snakka saman. I dag, dagen før termin, er det framleis ikkje avklart, og eg sendte ei melding der eg ber om eit møte. Denne henvendinga er det også 7 dagers behandlingstid på. Eg vurderer å ringe dei og vere streng i morgon, men er det det eg skal bruke termindagen min til? Eg som hadde tenkt å kanskje føde...?

NAV har digitalisert seg inn i eit upersonleg samlebandsystem som skal kvittere ut flest mulig vedtak. Det digitale har nok bidratt til effektivisering av mykje, men når det set opp hinder til brukarane må ein sjå seg over skuldra og tenke om det har gått for langt."