Sosialpolitikk

Aktivitetsplikt eller tvangsarbeid?

Aktivitetsplikt eller tvangsarbeid?

Oddny Miljeteig er klar:"Tvangsarbeid skulle høyra historia til. Det skulle lukta 1700-talet og 1800-talet lang veg. Tvangsarbeidet skulle ha vore kasta på historias skraphaug i det det moderne Noreg såg dagens ljos.  Så lever det diverre i verste velgåande.

Tvangsarbeid har vore nett det. Dei utsette har vore fattigfolket, dei som ikkje eingong fekk røysterett før sommaren 1919. Etter andre verdskrigen vart tvangsarbeid nytta som straff for lausgjengeri og alkoholmisbruk – og diverre meir og mindre direkte over skamfarne krigsseglarar i handelsflåten. Dei som Noreg kanskje skulda mest av alle. Dei som hadde høgast tapsprosent av alle under krigen. Etterkvart som alkoholistomsorga vart betre utbygd, gjekk talet på personar i tvangsarbeid ned. Passusen om tvangsarbeid i lausgjengarlova vart oppheva i 1970. Men sjølve lova vart ikkje oppheva før i 2005 etter forslag frå stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen, SV, skriver hun blant annet.

Les hele hennes artikkel nedenfor.

 

Aktivitetsplikt eller tvangsarbeid?

Tvangsarbeid skulle høyra historia til. Det skulle lukta 1700-talet og 1800-talet lang veg. Tvangsarbeidet skulle ha vore kasta på historias skraphaug i det det moderne Noreg såg dagens ljos.  Så lever det diverre i verste velgåande.

Tvangsarbeid har vore nett det. Dei utsette har vore fattigfolket, dei som ikkje eingong fekk røysterett før sommaren 1919. Etter andre verdskrigen vart tvangsarbeid nytta som straff for lausgjengeri og alkoholmisbruk – og diverre meir og mindre direkte over skamfarne krigsseglarar i handelsflåten. Dei som Noreg kanskje skulda mest av alle. Dei som hadde høgast tapsprosent av alle under krigen. Etterkvart som alkoholistomsorga vart betre utbygd, gjekk talet på personar i tvangsarbeid ned. Passusen om tvangsarbeid i lausgjengarlova vart oppheva i 1970. Men sjølve lova vart ikkje oppheva før i 2005 etter forslag frå stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen, SV.

Lov om sosial omsorg frå 1964 var lova som lyfte fattigfolk i Noreg ut or velgjerd og almisser og introduserte sosialhjelp til livsopphald for menneske som ikkje greidde å dra omsorg for seg sjølv. Lova gjorde slutt på skiljet mellom verdige og uverdige trengjande, i alle fall i lovs form. Men tankegangen om at tvangsarbeid var eit sosialpolitisk og sosialmedisinsk verktøy, den var ikkje daud: Høgrepolitikar og seinare statsminister Jan P. Syse skreiv i Aftenposten så seint som i 1973: "Tvangsarbeide burde være en ypperlig terapi. Skal vi sikre fremskrittet må vi i tide fjerne det vi kan kalle sanden i maskineriet."

Sanden i maskineriet, altså. Tvangsarbeidet har vore vrengjebiletet  av sjølvaste arbeidslina. Den aldeles hypermoderne varianten er regjeringa si behandling av menneske på Arbeidsavklåringspengar. Eg vil påstå at det er menneskeforakt og arroganse som pregar behandlinga av sjuke menneske som ikkje har annan økononisk utveg enn denne ytinga.

Under den store grunnlovsreforma i 2014 vart det teke inn ein regel i § 93 om at ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid. Det minner oss alle om at slaveri og tvangsarbeid i Noreg ikkje berre høyrer historia til. Svart og grått arbeid har blomstra opp i Noreg med fri flyt av arbeidskraft over landegrensene i EØS-området. Fattigfolk frå Aust-Europa betaler ein dyr pris i underbetaling og på slaveliknande kontraktar. Byggjebransjen i Oslo har vorte invadert av mafia og mafialiknande tilstandar og har vorte definert som «No go zone» for det organiserte arbeidslivet.

Heile tida har tanken om tvangsarbeid som sosialpolitisk verkemiddel levd som eit mantra på norsk høgreside – og med to Solberg-regjeringar er såkalla aktivitetsplikt for alle vorten norsk politikk. Ved lovendring frå 1. januar 2017 vart det fastslått at kommunane skulle stilla krav om aktivitetsplikt til alle sosialhjelpsmottakarar under 30 år, så sant tungtvegande omsyn ikkje talar mot det. No vil Torbjørn Røe Isaksen og dei at kravet om aktivitetsplikt også skal gjelda sosialhjelpsmottakarar over 30 år. Tvangsarbeidet skal altså gjelda alle dei fattigaste.  Og då bryr ikkje regjeringa Solberg seg om at norske kommunar i årevis ikkje har greidd å skaffa nok plassar til meiningsfylt aktivitet. Norske kommunar har til dels med hell greidd å laga individuelt arbeidstrening -men ikkje nok til alle. Kommune-Noreg har slett ikkje late sosialhjelpsmottakarar «vasa rundt» og «kosa seg» - som om nokon på ramme alvor kan kosa seg på sosialhjelp!

Då eg arbeidde ved Landås sosialkontor på 80-talet, hadde kontoret i årevis hatt arbeidstreningsgruppe, og eg meiner å hugsa at det var eit svært godt tiltak.

Professor Lars Inge Terum skreiv nyleg i Klassekampen at fleire studiar viser at sosialhjelpsmottakarar har like stor arbeidsmotivasjon som andre. Samstundes viser studiar at dei med «hol i CV-en» møter skepsis på arbeidsmarknaden og slit med å få arbeid. Det trengst altså ikkje berre tilrettelagt arbeid, men også relevant arbeid – til alle.

Studiar frå andre land viser at arbeidsplikt og auka bruk av sanksjonar kan bidra til at fleire kjem i arbeid. Men: Det ser ut til at det primært ser ut til å «skremma» sosialhjelpsmottakarane over i mellombels og utrygt arbeid – og at dei forholdsvis raskt er attende som stønadsmottakarar – med endå eit nederlag i ryggsekken. Kunnskapen om langtidsverknader at aktivitetsplikt/tvangsarbeid er generelt mangelfulle, seier professor Terum.

Om 2017-reforma veit vi, seier Lars Inge Terum, at krava som har vore stilte til dei under 30 har vore meiningsfulle. Vurdert i internasjonalt perspektiv har aktivitetskrava overfor unge sosialhjelpsmottakarar vore forholdsvis lite inngripande, dvs. med bruk av sanksjonar. Det er då endå noko. Men kor og kva aktivitetskrava har ført dei under 30, det ser det ikkje ut til at vi veit. Og det er trass alt det viktigaste.

Så spørst det då, når «aktivitetskrav» skal stillast til alle sosialhjelpsmottakarar. Det vil vera meir krevjande å finna relevante arbeidskrav til menneske med meir omfattande helseplager som over tid har gått inn og ut av arbeid og sjukdom. Fåren er, seier Terum, at det kan bli viktigare å stilla krav om aktivitet, enn å sikra at kravet som blir stilt er meiningsfullt og relevant. Då er vi i så fall attende til meiningslaust tvangsarbeid. Det har vi hatt nok av før i dette landet. Og det hjelper ikkje at ei fordomsfull regjering skal tvinga dagens menneske inn i fortidas former. Det er rett og slett ekkelt. Og gammaldags høgrepoltikk. Uff.

Oddny I. Miljeteig

You have no rights to post comments